Allmenndanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Allmenndanning eller ålmenndanning er kunnskap og kultur som gjer eit menneske meir moge. Omgrepet kan meir spesifikt tolkast som allmennkunnskapar, vere- og tenkjemåtar henta inn gjennom oppfostring, miljø og utdanning, som blir sett på som viktig for alle medlemmar av eit samfunn.

Allmenndanninga dannar grunnlaget for innsikt og kunnskap mennesket har om seg sjølv, forholdet mellom enkeltpersonen og andre menneske, og mellom individet og samfunnet. Omgrepet har vore tolka på ulike måtar, men dei fleste tolkningane har vore tileigning av eit visst mål kunnskapar eller på utvikling av praktiske evner, tenkjeevne, viljestyrke og moralsk haldning.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]