Allyson Felix
Allyson Felix | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. november 1985 Los Angeles |
Idrett | friidrett |
Yrke | sprinter, friidrettsutøvar |
Allyson Michelle Felix (fødd 18. november 1985 i Los Angeles, California) er ein USA-amerikansk sprintar som har blitt både verdsmeister, verdsrekordhaldar og olympisk meister. Felix har vunne i alt sytten medaljar frå OL og VM, og av desse er tretten gull på 100 meter, 200 meter og stafett. Hennar personlege beste tider per november 2013 er: 100 meter på 10,89, 200 meter på 21,69 og 400 meter på 49,59.
Prestasjonar[endre | endre wikiteksten]
Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors vart Felix verdsmeister for fyrste gong, på 200 meter. Ho gjentok prestasjonen i Osaka i 2007, då ho også kom til topps med begge USA sine stafettlag på respektive 4 x 100 m og 4 x 400 m. Med VM i friidrett 2009 i Berlin hadde ho teke tre gull på 200 meter i tre verdsmeisterskap på rad. Denne gongen deltok ho berre med stafettlaget på 4 x 400 meter, og sikra USA nok eit stafettgull. Under VM i friidrett 2011 i Daegu vann ho bronse på 200 meter sprint, sølv på 400 meter og gull på både 4 x 100 m og 4 x 400 m stafett.
Allyson Felix OL-debuterte i 2004 i Aten og tok sølv på 200 meter og samtidig sette ny verdsrekord for juniorar. Ho vart olympisk meister for fyrste gong under sommar-OL 2008 i Beijing, då ho vann med stafettlaget på 4 x 400 meter i tillegg til å ta eit nytt olympisk sølv på 200 m.[1] London-OL i 2012 vart eit viktig OL for Felix, då ho endeleg vann ein individuell olympisk gullmedalje på 200 meter. I dei same leikane vann ho olympisk gull med dei amerikanske stafettlaga på både 4 x 100 m og 4 x 400 m. Felix vart med det den fyrste kvinna som greidde tre gull i friidrett i same OL sidan Florence Griffith-Joyner i 1988.
Vinnartida på 4 x 100 meter (40,82) som ho presterte saman med Tianna Madison, Bianca Knight og Carmelita Jeter, heldt til ny verdsrekord. Dette er gjeldande verdsrekord på distansen i november 2013.
Allyson Felix deltok på 200 meter under VM i friidrett 2013 i Moskva, men midt i finaleløpet sleit ho musklane på baksida av høgrelåret og måtte bryta. Shelly-Ann Fraser-Pryce frå Jamaica vann, medan Felix måtte berast av banen.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Allyson Felix» i Store norske leksikon, snl.no., forfattarar: Rolf Bryhn og Tor Håkon Solheim. Henta inn 4. november 2013.