Almanakk for Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Almanakk for Noreg er ein almanakk som har vore utgjeven av Universitetet i Oslo kvart år sidan 1814. Almanakken vert redigert av ein almanakk-komité utnemnd av Det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo. Almanakken kjem ut både på nynorsk og bokmål. På bokmål heiter han Almanakk for Norge. Tabellane blir rekna ut ved Institutt for teoretisk astrofysikk.

Almanakken har sidan 1912 komme ut med parallellutgåver på nynorsk og bokmål. Boka har no eit A6-format og 128 sider. Av innhaldet er kalendarium med merkedagar, solrenning og soleglad i ei rekkje byar, kulminasjon og nedgang for sol, måne og planetane frå Venus til Saturn, månefasar, tussmørketabellar og planetkart som syner planetbaner på himmelen gjenom året. Det er òg statistiske oppgåver, meteorologiske data og oversikt over reglar for jakt, fangst og fiske.

Almanakken har kvart år ein temaartikkel. Temaartiklane dei siste åra har vore:

  • 2018: Finn E. Johannesen: Spanskesykja
  • 2016: Øystein Sørensen: Oktoberrevolusjonen og Noreg og Alv Egeland: Kristian Birkeland
  • 2015: Martin Austnes: «Noregs Bank – Banken som skulle gje det nye Noreg ei framtid»
  • 2014: Morten Nordhagen Ottosen: «'Mirakelåret' 1814 i eit europeisk perspektiv»
  • 2013: Johan Moan: «Døgnrytmar og årsrytmar hos mennesket»
  • 2012: Nils Voje Johansen: «Då venuspassasjar endra verda»
  • 2011: Johan Peter Collett: «Det Kongelige Frederiks Universitet blir grunnlagt i 1811» - om Universitetet i Oslo.
  • 2010: Henrik G. Bastiansen: «Norsk fjernsyn er 50 år»
  • 2009: Trond Bergh: «Bergensbanen 100 år»
  • 2008: Odd Arvid Storsveen: «Enhver Religion har et mildt og kjærligt Hjerte» - om Henrik Wergeland religiøse tenking.
  • 2007: Finn Erhard Johannessen: «Kong Chulalongkorns noregsreise i 1907»
  • 2006: Vigdis Ystad: «Ibsen hundre år etter»
  • 2005: Henrik G. Basiansen: «1905: Telegrafen, telefonen og unionen»
  • 2004: Marie Skoie: «Da tida vart normal»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første norske almanakken kom ut i 1643; den vart då utgjeven for året 1644.[1] Universitetet i Oslo har gitt ut almanakk sidan 1814. Frå 1912 til 1987 hadde Almanakkforlaget einerett på å produsere almanakkar. Sidan på 1995 har Gyldendal vore forleggar for Universitetet i Oslo. Samstundes byrja Almanakkforlaget å gje ut sin eigen Norsk almanakk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Almanakken, Universitetet i Oslo». Henta 17. september 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]