Almane

Koordinatar: 62°12′27.2″N 7°02′11.2″E / 62.207556°N 7.036444°E / 62.207556; 7.036444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°12′27.2″N 7°02′11.2″E / 62.207556°N 7.036444°E / 62.207556; 7.036444 Almane er ein øyde bustad ved Sunnylvsfjorden i Stranda kommune i Møre og Romsdal. (Namnet er fleirtalsforma av «alm» og det viser truleg til at der ein gong voks mykje alme-tre der.)

På staden var der eitt hus som låg i ei bratt steinurd nær sjøen (85 moh), og det høyrde til matrikkelgarden Furnes. Huset låg tett ved stien som går opp til Furnes-tunet. Truleg var der aldri nokon fast busetnad, men staden vart kanskje nytta som bustad for slike som var der for å passe geitene som beita i området[1].

Huset hadde eitt rom der folket budde og eitt rom for høy, og under der var det fjøs for dyra. Det var ikkje fare for snøfonn på staden, men huset låg i særs bratt terreng og det kom ofte steinsprang frå urda ovanfor. Almane var ein fælt trist bustad, vart det sagt[2].

Etter at tunet på Furnes vart øydelagt av snøfonn i februar 1868, torde ikkje folket å bu fast der oppe lenger. Dei flytta då ned til Almane om vintrane og flytta opp att når våren kom. Etter at Furnes-garden vart endeleg fråflytta og nedlagt i 1895, budde der truleg aldri meir folk på Almane.

Berre nokre restar av murane viser i dag kvar helst huset på Almane stod.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eld som slokna» side 164
  2. «Eld som slokna», side 165

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]