Almarestäket

Koordinatar: 59°28′6″N 17°46′55″E / 59.46833°N 17.78194°E / 59.46833; 17.78194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Almarestäket eller Stäket er eit sund i Mälaren aust i det sentrale Sverige. Det låg ei festning her mellom kring 1370 og 1517 som òg vart kalla Almarestäket.

Ein trudde tidlegare at staden kalla Stocksund av Snorre Sturlasson var same sundet, men i dag trur ein at dette er Norrström, 2 km mot vest.

Sundet var viktig før Stockholm vart grunnlagd på 1300-talet og vakta vassvegen til dei viktige svenske mellomalderbyane Uppsala og Sigtuna. Til dømes førte eit åtak mot Sigtuna av baltiske vikingar i 1187 til eit slag ved Almarestäket, der erkebiskop Johannes omkom.

På 1600-talet vart det bygd ein herregard på øya. Denne vart renovert på 1800-talet.

Festning[endre | endre wikiteksten]

Det vart bygd ei festning her seint på 1300-talet under Albert av Sverige. Ho låg på den vesle øya Stäkesön i midten av sundet. Ho vart residens for den svenske erkebiskopen fram til 1517, då erkebiskop Gustav Trolle låste seg sjølv inne der for å unngå rettssak, og styresmaktene kravde at festninga vart riven ned. Dette var formelt uautorisert fordi på denne tida var statseigedomane skild frå kyrkjeeigedomane. Som hemn for dette og det dei rekna som anna urettferd fekk Trolle støtte av den danske kongen Kristian II hemn i Stockholm-blodbadet i 1520.

Almarestäket circa 1700, i Suecia antiqua et hodierna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°28′6″N 17°46′55″E / 59.46833°N 17.78194°E / 59.46833; 17.78194