Hopp til innhald

Almyrós

Koordinatar: 39°11′N 22°46′E / 39.183°N 22.767°E / 39.183; 22.767
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Almyrós
Lokalt namn Αλμυρός
Geografi
Stad Thessalía
Koordinatar 39°11′N 22°46′E / 39.183°N 22.767°E / 39.183; 22.767
Areal 473,9 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Thessalía
Magnisía
Hovudsete Almyrós (7 244 innb.)
Demografi
Folketal 16 072 (2021[1])
Folketettleik 33,9 /km²

Almyrós (gresk Αλμυρός) er ein distriktsby og ein kommune i periferieininga Magnisía i periferien Thessalía i Hellas. Almyrós ligg sør for Vólos og grensar i vest mot periferieininga Lárisa, i sør mot Fthiótida i Sentral-Hellas.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunaleiningane i kommunen Almyrós. ██ 1 - Almyrós ██ 2 - Soúrpi ██ 3 - Pteleós ██ 4 - Anávra
Den tidlegare kommunen Almyrós, no kommunaleininga Almyrós

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 16 072 innbyggjarar, medan kommunaleininga Almyrós hadde 11 192 og tettstaden med same namn 7 244 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Almyrós Almyrós 7 955 7 244
Evxinoúpoli Almyrós 2 281 2 076
Soúrpi Soúrpi 1 457 1 295
Pteleós Pteleós 1 140 890
Néos Plátanos Almyrós 672 580
Akhíllio Pteleós 628 462

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.