Alnestunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Alnestunnelen er namnet på to tunnelarGodøya i Giske kommune i Møre og Romsdal. Den nye Alnestunnelen er 1493 meter lang og går gjennom Sloktinden mellom Støbakk og Alnes. Den har gangfelt og eitt køyrefelt med møteplassar for kvar 250 – 300 meter. Total vegbreidde er 4,0 meter. Planlegginga av tunnelen gjekk raskt. Etter fleire stein- og jordras og mislykka forsøk på rassikring av vegen på nordsida av øya i 2004, vedtok Møre og Romsdal fylkesting hausten 2004 at tunnelen skulle byggast. Tunnelarbeidet starta 18. august 2005, gjennomslaget kom 28. april 2006, og tunnelen blei opna 14. desember 2006. Tunnelen er ein del av Fylkesveg 127 i Møre og Romsdal.

Tunnel- og vegprosjektet kosta 97 millionar kroner.

Den gamle Alnestunnelen er 205 meter lang og er ein del av den gamle, no nedlagde fylkesvegen på nordsida av øya, under Valkveegga vest for Valkveet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]