Alnsjøen

Koordinatar: 59°57′54″N 10°50′49″E / 59.96500°N 10.84694°E / 59.96500; 10.84694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alnsjøen
innsjø
Alnsjøen sett frå vest

Foto: C. Hill, 2007

Land  Noreg
Fylke Oslo
Høgd over havet 238 moh.
Koordinatar 59°57′54″N 10°50′49″E / 59.96500°N 10.84694°E / 59.96500; 10.84694
Kart
Alnsjøen
59°58′00″N 10°51′00″E / 59.96666667°N 10.85°E / 59.96666667; 10.85
Wikimedia Commons: Alnsjøen

Alnsjøen, feilaktig òg kalla «Alunsjøen», er eit vatn som ligg i Lillomarka nord i Oslo. Vatnet har vore drikkevasskjelde for Oslo sidan 1930. Vatnet er demd opp og er regulert av vass- og avløpsetaten (VAV).

Alnsjøen tømmer vatn til Alnaelva som renn gjennom Ammerud, og ned i Groruddalen der han følgjer Alnaparken og ut i Oslofjorden.

I 2007 vart vatnet tappa ned for opprustingsarbeid. På grunn av dette kunne ikkje Alnsjøen nyttast som reservevasskjelde under vassforureininga av vatnet frå Maridalsvannet i oktober 2007.

Friluftsliv[endre | endre wikiteksten]

Alnsjøen ligg i eit populært område for friluftsliv og rekreasjon. For å verne drikkevatnet mot forureining er Alnsjøen gjerda inn og merat «ta vare på drikkevasskjeldene dine». I vinterhalvåret vert det opna det portar fleire stader i gjerdet, og det finst oppkøyrte skiløyper over vatnet.

Byøkologisk program har opna for høve for å gjere Alnsjøen tilgjengeleg for ålmenta som badevatn og friluftsområde.[1][2]

Alnsjødammen
Foto: C. Hill, 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hanne Mellingsæter (20. juli 2005). «Alnsjøen kan bli badevatn». Groruddalen.no. Henta 22. oktober 2007. 
  2. «Lillomarka A til Å». friluftsetaten.oslo.kommune.no. 3. august 2006. Henta 22. oktober 2007. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.