Aloefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aloefamilien
Asphodelus albus0.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aloefamilien Asphodelaceae

Aloefamilien, også kalla dagliljefamilien og asfodillfamilien, er ein plantefamilie i aspargesordenen. I APG III- og APG IV-systemet er familien utvida i høve til eldre systematikk ved at tre eldre familiar Asphodelaceae (aloefamilien i snever tyding), Xanthorrhoeaceae og Hemerocallidaceae (dagliljefamilien) er slått saman. I APG III-systemet blir den nye familien kalla Xanthorrhoeaceae, men i APG IV er namnet endra til Asphodelaceae.

Artane i familien er fleirårige urter, buskar og tre. Dei er utbreidde i Afrika, Eurasia, Australia, New Zealand, stillehavsøyane og i vestlege Sør-Amerika. Ingen av artane veks naturleg i Noreg, men ein del av dei finst som hageplanter og nokre av desse finst av og til forvilla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aloefamilien