Alois Kälin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alois Kälin
Fødd 13. april 1939
Einsiedeln
Yrke kombinertløpar, skihoppar, langrennsløpar

Alois Kälin (fødd 13. april 1939) er ein sveitsisk, tidlegare langrenns- og kombinertløpar frå Einsiedeln. Han vann sølvmedaljen i kombinert under olympiaden i 1968 og bronsemedaljen i same øvinga i ski-VM 1966. I 1972 var han med på Sveits sitt langrennslag som tok OL-bronsen på 4x10 km stafett. Kälin er den siste utøvaren som har tatt OL-medaljar i både kombinert og langrenn.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kälin debuterte i internasjonale meisterskap med ein 14. plass i kombinertøvinga i ski-VM 1962 i Zakopane. To år seinare fekk han ein 12. plass i kombinert og ein 20. plass på 50 km under vinter-OL 1964 i Innsbruck.

Han fekk sitt gjennombrot under VM 1966 i Oslo, der han vann bronsemedaljen i kombinert og sidan gjekk Sveits inn til sjetteplass på 4x10 km stafett. Under dei olympiske leikane i Grenoble i 1968 kom han eit trinn høgre på pallen i kombinert, han var vel eitt poeng bakom olympiameisteren Franz Keller, og likeeins ein plass høgre opp i stafetten. Kälin vart då, den 1. februar 1968, den fyrste sveitsaren som tok ein OL-medalje i nordiske greiner, berre fire dagar før landsmannen Josef Haas tok bronsemedaljen på den olympiske femmila.

Ëtter 1968 satsa Kälin på langrenn åleine. Han gjorde to bra tevlingar i verdsmeisterskapen på ski i 1970 i Štrbské Pleso og vart nummer ni på 50 km og nummer 13 på 30 km. Som i 1968 gjekk han Sveits i mål til femteplass på 4x10 km stafett. Under Holmenkollrenna i 1971 gjekk Kälin inn til femteplass på 15 km, 13,6 sekundar bak vinnaren Osmo Karjalainen frå Finland. Han fylgde opp med ein sterk sjuandeplass på femmila på eit blytungt skiføre. Året etter, under OL 1972 i Sapporo gjekk han seg inn til sjuandeplass på tremila. Han fekk så bronsemedalje etter han gjekk tredjeetappen på det sveitsiske laget som i 4x10 km stafett slo Sverige med tre skundar i kampen om tredjeplassen.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]