Alpakka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alpakka
Alpakka
Alpakka
Utbreiing
Utbreiinga av alpakka
Utbreiinga av alpakka
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kamelfamilien Camelidae
Slekt: Vicugna
Art: Alpakka V. pacos
Vitskapleg namn
Vicugna pacos

Alpakka er eit kameldyr som er blitt halde som husdyr i Andesfjella i Sør-Amerika i fleire tusen år. Dei blir haldne for kjøt og den mjuke og isolerande ulla si. Dyra tilhøyrer slekta vikunjaer, og er noko fjernare i slekt med lama.

Suri-alpakka

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Alpakka har ei gjennomsnittleg skulderhøgd på 1 meter og veg 50–70 kg. Hals og hovud gjer han cirka 1,5 meter høg. Det finst to slag alpakka, suri og huacaya, der sistnemnde er vanlegast. Suri-alpakka har lengre pelshår enn hucaya.

Alpakkamor med diande unge.

Alpakkaen har ein levealder på 20–25 år. Han går drektig i 335–340 dagar, og føder som regel éin unge kalla cria. Criaen veg 5–9 kg ved fødselen og diar mora om lag 5–6 månader. Mora kan para seg att allereie to veker etter ein fødsel. I løpet av ein levealder kan ho føda rundt 15 ungar.

Arten er eit utprega flokkdyr. Som lamaen kan alpakkaen «spytta», men gjer det sjeldan.

Kvinne med to alpakkaer i Huascarán nasjonalpark i Peru.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Alpakka blei tidlegare klassifisert saman med lamaer, og hadde tidlegare det vitskaplege namnet Lama pacos. Moderne DNA-analyse har vist at arten høyrer til vikunjaene.[1] Den næraste slektningen er dermed vikunja. Alle desse dyra kan kryssast med kvarandre. Avkommet til ein hannlama og ein hoalpakka, kalla huarizo, er svært vanleg.

Alpakka i kulturen[endre | endre wikiteksten]

I norsk kultur er alpakkaen kjend frå uttrykket «Du store alpakka» som er brukt når ein er overraska eller forferda. Uttrykket stammar frå lektor Tørrdal i Stompa-bøkene, som kom på norsk i slutten av 1950-åra.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Alpakka
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Vicugna pacos

Kjelder[endre | endre wikiteksten]