Hopp til innhald

Alpe d'Huez

Koordinatar: 45°03′N 6°02′E / 45.050°N 6.033°E / 45.050; 6.033
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alpe d'Huez
fjell
Mållinja i Tour de France
Land  Frankrike
Fjellkjede Alpane
Høgd 2 085 moh.
Koordinatar 45°03′N 6°02′E / 45.050°N 6.033°E / 45.050; 6.033
Kart
Alpe d'Huez
45°05′N 6°04′E / 45.09°N 6.07°E / 45.09; 6.07
Wikimedia Commons: Alpe d'Huez

Alpe d'Huez er eit fjell sentralt i Dei franske Alpane. Det ligg i kommunen Huez i departementet Isère. Alpe d'Huez er ein vidkjend skistad i ei høgd på 1 850 meter, og ein av dei mest vidkjende fjelltoppane som har vorte nytta i Tour de France.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Klatreetappar med Alpe d'Huez har vore med nesten kvart år sidan 1976, og første gong det var målgang her på ein etappe i Tour de France var i 1952. Ruta opp Alpe d'Huez er 13,8 km lang med ei gjennomsnittleg stiging på 8,1 % og 21 hårnålssvingar. Etappen er særs populær og trekkjer til seg svært mange tilskodarar. I 2004 var det nær ein million tilskodarar her. Denne etappen vart vunnen av Lance Armstrong. Marco Pantani har rekordtida opp Alpe d'Huez i Tour de France med 36 minutt og 50 sekund frå 1995.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alpe d'Huez», www.chronoswatts.com, henta 22. august 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]