Alpekaie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alpekaie
Vaksen fugl på Schilthorn, Sveits Foto: Jim Higham
Vaksen fugl på Schilthorn, Sveits
Foto: Jim Higham
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigOmtrentleg utbreiing i grøn farge
Omtrentleg utbreiing i grøn farge
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Pyrrhocorax
Art: Alpekaie P. graculus
Vitskapleg namn
Pyrrhocorax graculus

Alpekaie (Pyrrhocorax graculus) er ein fugl i kråkefamilien, ein av berre to artar i slekta Pyrrhocorax. Den andre arten er alpekråke, Pyrrhocorax pyrrhocorax. Alpekaia hekkar i høgfjellet frå Spania austover gjennom Sør-Europa og gjennom Nord-Afrika til Sentral-Asia, India og Kina, og ho kan hekke på ei høgare høgd enn nokon annan fugl.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne fuglen er 36 til 39 cm i lengd, har glansfull, svart fjørdrakt, eit gult nebb, raude bein, og karakteristisk læte. Han har ei spenstig akrobatisk flyging med utbreidde vengefjører. Alpekaier dannar par for livet og viser truskap til same hekkeområde. Dei beitar vanlegvis i flokkar, tar hovudsakleg virvellause byttedyr om sommaren og frukt om vinteren. Dei hekkar vanlegvis i hòlrom og sprekkar i utilgjengeleg fjellsider, men vil òg bruke opningar mellom steinar,[1] og hentar føde i opne habitat som alpine enger og steinurer opp til tregrensa eller lågare, og om vinteren vil ofte samlar seg rundt menneskelege busetjingar.[2] Alpekaier byggjer eit fora reir av trepinnar og legg tre til fire brunflekka kvitaktige egg. Egga har tilpassingar til den tynne atmosfæren som betrar oksygenopptak og reduserer vasstap.

Alpekaia hekkar i fjellet frå Spania austover gjennom det sørlege Europa og Alpane tvers over til Sentral-Asia og Himalaya til vestlege Kina. Det finst òg bestandar i Marokko, på Korsika og Kreta. Ho er standfugl i heile utbreiingsområdet sitt, sjølv om marokkanske fuglar har etablert ein liten koloni i nærleiken av Malaga i Sør-Spania, og andre har nådd Tsjekkoslovakia, Gibraltar, Ungarn og Kypros.[3] Dette er ein art som hekkar i stor høgd, normalt mellom 1260-2880 moh. i Europa, 2880-3900 m i Marokko, og 3500-5000 m i Himalaya.[3] Eit par har bygd reir på 6500 moh., høgare enn nokre andre fugleartar, [4] overgår jamvel alpekråke som har eit kosthald som er mindre godt tilpassa dei høgaste høgdene.[5] Fjellklatrarar på Mount Everest har observert alpekaier i ei høgd på 8200 m.[6]

Sjølv om alpekaia er utsett for predasjon og parasittisme og endringar i landbruket i praksis har medført at lokale populasjonar går ned, er arten vidt utbreidd og vanleg, og ikkje truga globalt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Baumgart, W. (1967). «Alpendohlenkoniein in Felsschächten des Westbalkan». Journal für Ornithologie 108 (3): 341–345. doi:10.1007/BF01671883. 
  2. Snow, David; Perrins, Christopher M., red. (1998). The Birds of the Western Palearctic concise edition (2 volumes). Oxford: Oxford University Press. s. 1464–1466. ISBN 0-19-854099-X. 
  3. 3,0 3,1 Madge, S.; Burn, Hilary (1994). Crows and jays: a guide to the crows, jays and magpies of the world. A & C Black. s. 132–133. ISBN 0-7136-3999-7. 
  4. Bahn, H.; Ab, A. (1974). «The avian egg: incubation time and water loss» (PDF). The Condor 76 (2): 147–152. JSTOR 1366724. doi:10.2307/1366724. Arkivert frå originalen (PDF) 28. juli 2012. Henta 1. november 2011. 
  5. Rolando, Antonio; Laiolo, Paola (April 1997). «A comparative analysis of the diets of the chough Pyrrhocorax pyrrhocorax and the alpine chough Pyrrhocorax graculus coexisting in the Alps». Ibis 139 (2): 388–395. doi:10.1111/j.1474-919X.1997.tb04639.x. 
  6. Silverstein Alvin; Silverstein, Virginia (2003). Nature's champions: the biggest, the fastest, the best. Courier Dover Publications. s. 17. ISBN 0-486-42888-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]