Alpensia Resort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skihoppet i Alpensia Resort.

Alpensia Resort er eit idretts- og turistområde ved byen Pyeongchang i Gangwonprovinsen i Sør-Korea. Området vart planlagd med von om å få arrangere vinter-OL. Pyeongchang tapte kampen om Vinter-OL 2010 (som vart tildelt Vancouver i Canada) og 2014 (som Sotsji i Russland fekk), men idrettsområdet vart likevel bygd, og er hovudarena for Vinter-OL 2018 arrangert i Pyeongchang. Området vart opna sumaren 2009.

Området har mellom anna fleire golfbaner, skiskyttararena, langrennsarena, hoppbakkar, hotell og konferansesenter. Namnet er sett saman av Alpen (Alpane på tysk), Asia og Fantasia, og skal tyde «Asias fantastiske Alpar».

Planlegginga av området starta i desember 2003 og bygginga tok til i oktober 2006. Pyeongchang vart tildelt VM i skiskyting 2009, og debuterte med verdscuprenn vinteren 2008. Meisterskapet vart avvikla i februar 2009.

Alpensia var arena for det sørkoreanske meisterskapet og Far East Cup i langrenn i januar og februar 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]