Alpha Centauri av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alpha Centauri
Studioalbum av Tangerine Dream
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve Mars 1971
Innspelt Januar 1971
Studio Dierks Studio
Sjanger
Lengd 39:48
Selskap Ohr
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi 
Electronic Meditation
(1970)
Alpha Centauri Zeit
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[3]
Head Heritagepositive[2]
Pitchfork7.8/10[1]

Alpha Centauri er det andre studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i januar 1971.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1970 hadde Edgar Froese blitt spurt av ein ven om å samprodusere ein tysk versjon av Simon and Garfunkel-songen «The Boxer» for ein tysk artist. Han gjorde framleis nokre av desse jobbane for å ha til «salt i grauten» og såg seg samstundes om etter ein god trommeslagar, etter at Klaus Schulze hadde slutta i gruppa. Under denne innspelinga møtte Froese trommeslagaren Chris Franke, som nettopp var blitt 17 år og som hadde ein uvanleg trommestil. Froese hyra han inn for forskjellige studiojobbar før han spurte om han ville bli med i Tangerine Dream.[4]

Chris Franke sa: «Då eg møtte Edgar så var gruppa mi, Agitation Free, i ferd med å falle saman. Han var i ein overgangsperiode òg på den tida. Tangerine Dream hadde falle saman fordi Klaus Schulze og Conrad Schnitzler nettopp hadde slutta i gruppa. Edgard og eg forstod kvarandre godt frå starten av. Han og eg var særs interesserte i å jobbe i lag fordi me begge ønskte å kome oss bort frå skriven musikk. Me ønskte å lage lange songar og improvisere. Horisontane opna seg for oss -- ikkje berre i klassisk og elektronisk, men òg via austindisk og afrikansk musikk. Det opna augo våre. Då eg valde å spele med Edgar sa eg farvel til utdanninga mi. Frå no av arbeidde eg som profesjonell musikar. Eg var sytten år og foreldra mine måtte signere på den første platekontrakten min. Edgar var ni år eldre enn meg, så det gjorde enkelte ting interessant.»[4]

Etter at Conrad Schnitzler hadde slutta i gruppa, vart han erstatta av Steve Schroyder. Edgar Froese sa om han: «Han kom frå ein stad i Spania, eller sør i Frankrike, og reiste gjennom Berlin, og berre kom innom og sa hallo - og så drog han igjen.»[4]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

For det andre albumet deira, Alpha Centauri, eksperimenterte Tangerine Dream i over tre veker for å kome opp med ein original stil. Space rock-imaget deira byrja på denne tida.[4]

Musikken på albumet skil seg ganske mykje frå debutalbumet Electronic Meditation, delvis fordi dei i større grad nytta klaverinstrument og elektronisk teknologi, sjølv om dei framleis hovudsakleg er i bakgrunnen. Dei dominerande instrumenta er orgel og fløyte. Den andre skilnaden er at dette albumet fokuserer på mørke, romaktige lydlandskap i motsetnad til jamming. Endringa i instrumenteringa førte til ein atmosfære som Edgar Freose sjølv kalla Kosmische musik.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet selde 20 000 eksemplar heime i Tyskland, nesten fire gonger så mykje som den seinare klassikaren Phaedra.

Den særs sjeldne singelen «Ultima Thule» vart gjeve ut på singel same året. Side 1 av singelen inneheld same gitarriffet som «Fly and Collision of Comas Sola», men singelen var på den tida elles ei enkelståande utgjeving. Ei nyutgjeving av Alpha Centauri i 2000-åra inneheld anten begge delar eller den første delen av «Ultima Thule» som bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Sunrise in the Third System»4:21
2.«Fly and Collision of Comas Sola»13:23
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Alpha Centauri»22:04
Bonusspor på nyutgjeving
Nr.TittelLengd
4.«Oszillator Planet Concert»8:03
5.«Ultima Thule, Part One (2000 remix)»3:24
6.«Ultima Thule, Part Two»4:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Leone, Dominique (6. februar 2003). «Tangerine Dream: Electronic Meditation/Alpha Centauri». Pitchfork. 
  2. 2,0 2,1 «Julian Cope Presents Head Heritage | Unsung | Reviews | Tangerine Dream – Alpha Centauri». 5. februar 2005. 
  3. 3,0 3,1 Breece, Michael G.. Alpha Centauri av Tangerine DreamAllmusic
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Berling, Michael. «Alpha Centauri». Voices in the. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]