Alphonse Eugène Beau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alphonse Eugène Beau

Fødd9. april 1815
Digne-les-Bains
Død27. mars 1893
Vincennes
NasjonalitetFrankrike
Yrkeoppfinnar, ingeniør, jernbaneingeniør

Alphonse Eugène Beau eller Beau de Rochas (9. april 181527. mars 1893) var ein fransk ingeniør, kjent for at han saman med Philippe Breton la den fyrste undersjøiske telegrafkabelen, for arbeid innan hydrografi, jarnvegar og termodynamikk.

Arbeidet til Beau innan termodynamikk førte til at han i 1862 fann opp og publiserte ei omfattande utgreiing av den termodynamiske syklusen som ligg til grunn for firetaktsmotoren, 11 år før Christian Reithmann demonstrerte ein fungerande firetaktsmotor og 15 år før Nikolaus August Otto fekk patent på han. Beau de Rochas-syklusen ligg til grunn for stempelmotorar med innvendig forbrenning som syg inn ei ferdig blanding av luft og drivstoff, som gassmotorar og forgassarmotorar. I perioden 1883 til 1884 arbeidde han med rakettmotorar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]