Alphonso Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alphonso Johnson
Alphonso Johnson.jpg
Johnson i Rochester i New York i 1977.
Fødd2. februar 1951 (68 år)
FødestadPhiladelphia i USA
OpphavUSA
Aktiv1970–
SjangerJazz, jazzfusion, funk
InstrumentBass, Chapman Stick
Tilknytte artistarWeather Report, Bobby and the Midnites, Jazz Is Dead
PlateselskapEpic Records
Verka sombassist, jazzmusikar, universitetslærar

Alphonso Johnson (fødd 2. februar 1951) er ein amerikansk jazz-bassist, som har vore aktiv sidan tidleg i 1970-åra.

Han var fødd i Philadelphia og byrja å spele kontrabass, men byta til elektrisk bass seint i tenåra. Han byrja karrieren sin tidleg i 1970-åra og hadde ein innovativ spelestil. Han spelte som studiomusikarar for jazzmusikarar før han vart med i Weather Report,[1] då han tok over etter den opphavlege bassisten Miroslav Vitous. Han spelte på Weather Report-albumet Mysterious Traveller (1974), på songane «Cucumber Slumber» og «Scarlet Woman». Johnson var med på ytterlegare to album, Tale Spinnin' (1975) og Black Market (1976), for Weather Report før han slutta i bandet for å arbeide med trommeslagaren Billy Cobham.[1] I 1976-77 spelte han inn tre soloalbum som bandleiar, for Epic Records, i jazz-funk-stil.

Johnson var ein av dei første musikarane som introduserte instrumentet Chapman Stick. På grunn av dette vart han nesten tilsett som erstattar for gitaristen Steve Hackett i Genesis, men i staden tilrådde han venen og tidlegare Sweetbottom-gitaristen Daryl Stuermer, som vart med i turnébandet til Genesis resten av tida dei dreiv på.

Johnson var ein av to bassistar på det første soloalbumet til Phil Collins, Face Value, i 1981.

Tidleg i 1982 vart Johnson med sideprosjektet til Grateful Dead-medlem Bob Weir kalla Bobby and the Midnites. Han vart igjen med Weir i 2000 då han spelte bass på turné med The Other Ones. Han spelte òg fusion-versjonar av Grateful Dead-songar i lag med Billy Cobham i bandet Jazz Is Dead.

I 1982 spelte han på hitsongen til Jeffrey Osborne frå Stay with Me Tonight. Han spelte så med Santana i 1985-1989.

I 1996 turnerte Johnson i Europa og Japan med saksofonisten Wayne Shorter, pianist James Beard, trommeslagar Rodney Holmes, og gitarist David Gilmore.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Som musikar[endre | endre wikiteksten]

Med Weather Report

Med Eddie Henderson

Med George Duke / Billy Cobham Band

Med Rod Argent

  • Moving Home (1978)

Med Bob Weir

Med Santana

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Yanow, Scott. «Alphonso Johnson: Biography». Allmusic.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp);

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]