Alpine greiner under Vinter-OL 1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Axamer Lizum
Patscherkofel

Alpine greiner under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart avvikla i tida 30. januar - 8. februar 1964, der både menn og kvinner tevla i tre øvingar kvar. Mennene sitt utforrenn gjekk føre seg på fjellet Patscherkofel, alle dei andre øvingane fann stad ved skianlegget Axamer Lizum, ei 12-13 kilometer sørvest for Innsbruck.

Dei seks olympiske øvingane gjaldt òg som den 18. verdsmeisterskapen i alpine greiner, det gjorde i tillegg to kombinasjons-øvingar, ei for menn og ei for kvinner, utrekna på poeng basert på tidsbruken i dei ulike olympiske greinene; slalåm, storslalåm og utfor.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

174 utøvarar frå 31 land var påmeld dei alpine øvingane. Dei 18 OL-medaljane vart fordelt til einast fire land, og alle dei seks gullmedaljane vart likt fordelt mellom Frankrike og arrangørlandet Austerrike. Dei franske systrene Christine og Marielle Goitschel vart forgrunnsfigurar med kvar si gull- og sølvmedalje, Marielle vann i tillegg eitt VM-gull.

Ross Milne frå Australia omkom den 25. januar då han under trening i utforløypa køyrde ut og trefte eit tre og fekk dødelege hovudskadar.

Menn[endre | endre wikiteksten]

Slalåm[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Pepi Stiegler  Austerrike 2.11,13
Sølv Billy Kidd  USA 2.11,27
Bronse Jimmy Heuga  USA 2.11,52
4 Michel Arpin  Frankrike 2.12,91
5 Ludwig Leitner  Tyskland 2.12,94
6 Adolf Mathis  Sveits 2.12,99

7./8. februar
Start: 1730 moh, mål: 1600 moh
Løypelengd: 350 m, høgdeskilnad: 130 m Start: 1770 moh, mål: 1570 moh
Løypelengd: 470 m, høgdeskilnad: 200 m

Storslalåm[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull François Bonlieu  Frankrike 1.46,71
Sølv Karl Schranz  Austerrike 1.47,09
Bronse Pepi Stiegler  Austerrike 1.48,05
4 Willy Favre  Sveits 1.48,69
5 Jean-Claude Killy  Frankrike 1.48,92
6 Gerhard Nenning  Austerrike 1.49,68

Dato: 2. februar
Start: 2100 moh, mål: 1570 moh
Løypelengd: 1250 m, høgdeskilnad: 530 m

Utfor[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Egon Zimmermann  Austerrike 2.18,16
Sølv Léo Lacroix  Frankrike 2.18,90
Bronse Wolfgang Bartels  Tyskland 2.19,48
4 Josef Minsch  Sveits 2.19,54
5 Ludwig Leitner  Tyskland 2.19,67
6 Guy Périllat  Frankrike 2.19,79

Dato: 30. januar
Start: 1952 moh, mål: 1085 moh
Løypelengd: 3120 m, høgdeskilnad: 867 m


Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Slalåm[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Christine Goitschel  Frankrike 1.29,86
Sølv Marielle Goitschel  Frankrike 1.30,77
Bronse Jean Saubert  USA 1.31,36
4 Heidi Biebl  Tyskland 1.34,04
5 Edith Zimmermann  Austerrike 1.34,27
6 Christl Haas  Austerrike 1.35,11
7 Liv Jagge  Noreg 1.35,38

Dato: 1. februar
Start: 1730 moh, mål: 1600 moh
Løypelengd: 350 m, høgdeskilnad: 130 m

Storslalåm[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Marielle Goitschel  Frankrike 1.52,24
Sølv Christine Goitschel  Frankrike
Sølv Jean Saubert  USA 1.53,11
4 Christl Haas  Austerrike 1.53,86
5 Annie Famose  Frankrike 1.53,89
6 Edith Zimmermann  Austerrike 1.54,21

Dato: 3. februar
Start: 2050 moh, mål: 1550 moh
Løypelengd: 1250 m, høgdeskilnad: 500 m


Utfor[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Christl Haas  Austerrike 1.55,39
Sølv Edith Zimmermann  Austerrike 1.56,42
Bronse Traudl Hecher  Austerrike 1.56,66
4 Heidi Biebl  Tyskland 1.57,87
5 Barbi Henneberger  Tyskland 1.58,03
6 Madeleine Bochatay  Frankrike 1.59,11

Dato: 6. februar
Start: 2310 moh, mål: 1605 moh
Løypelengd: 2510 m, høgdeskilnad: 705 m


Verdsmeisterskap i kombinasjon[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ludwig Leitner  Tyskland 33,99
Sølv Gerhard Nenning  Austerrike 34,37
Bronse Billy Kidd  USA 36,45
4 Willy Favre  Sveits 48,82
5 Guy Périllat  Frankrike 51,56
6 Karl Schranz  Austerrike 54,75



Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Marielle Goitschel  Frankrike 34,82
Sølv Christl Haas  Austerrike 40,11
Bronse Edith Zimmermann  Austerrike 43,13
4 Jean Saubert  USA 58,76
5 Barbi Henneberger  Tyskland 70,40
6 Pia Riva  Italia 92,50



Kjelder[endre | endre wikiteksten]