Alqosh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alqosh
ܐܲܠܩܘ̣ܫ, ألقوش
by
Iraqvillagealqosh.JPG
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Ninive
Folketal 15 000
Grunnlagd 1500 fvt.

Alqosh
36°44′3″ N 43°5′48″ E
Wikimedia Commons: Alqosh

Alqōsh (gammalsyrisk ܐܲܠܩܘ̣ܫ, arameisk אלקוש, arabisk ألقوش), stundom skrive Kar Aqosh, Al-qosh eller Alqush, er ein assyrisk by nord i Irak, 50 km nord for Mosul.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rabban Hermizd-klosteret

Alqosh kan sporast attende til eldste periode av det assyriske riket, men kan særs vel vera endå eldre. Første gong byen nemnast er frå tida kring Sanherib tid, frå ca .750 f.Kr., i form av veggmåleri i Sanherib-palasset, oppdaga på haugen Tel Qwenjeq (Kuyunjik, Ninive) ved Mosul.

Om lag 3 km vest for byen ligg ruinane av Shayro Meliktha; her er restar av eit assyrisk tempel med eit relieff av Senherib som siktar med pil og bue.

Det er klippebustader langs henga over Alqosh, fordelt opp til toppen av fjellplatået. Dei er dekorert på liknande vis som dei ein har funne i andre koloniar under byen Ninive.

Alqosh og Elkosj[endre | endre wikiteksten]

Elkosj, fødestaden til profeten Nahum, kunne ifølgje ein hypotese sett fram i 1847 av assyriologen Austen Henry Layard, tilsvare dagens Alqosh. Han viste til at det i området er assyrikske klippebilete og dessutan eit vidkjend kloster, Rabban Hormuzd, med mange gamle patriarkgraver. Han var ikkje sikker i saka si, og det er andre som har oppført at Nahum si eiga skildring av heimstaden ikkje rimar så godt med Alqosh.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Alqosh har eit halvtørt klima (BSh) med ekstremt varme og tørre somrar, og kjølige, våte vintrar.

Klimadata for Alqosh
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 12 14 20 26 34 38 43 40 38 30 20 14 27,4
Normal min. temp. °C 2 4 8 11 16 21 25 24 20 14 6 4 2
Nedbør (mm) 39 69 51 27 0 0 0 0 0 6 36 60

Normal mengd nedbørdagar 10 10 11 9 0 0 0 0 0 5 8 12 65
Kjelde: World Weather Online (2000-2012) [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alqosh, Ninawa Monthly Climate Average, Iraq». World Weather Online. Henta 22. januar 2017.