Also sprach Zarathustra av Strauss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innleiinga til Also sprach Zarathustra.
Richard Strauss i 1894

Also sprach Zarathustra, Op. 30 er eit tonedikt av Richard Strauss, komponert i 1896 og inspirert av Friedrich Nietzsche sin filosofiske roman med same namn.[1] Komponisten dirigerte den første framføringa den 27. november 1896 i Frankfurt. Ei typisk framføring varer ein halvtime.

Verket har vore ein del av klassiske repertoar sidan den første framføringa i 1896. Den første fanfaren – kalla «Soloppgang» i programnotata til komponisten[2] – vart særleg kjend etter det vart nytta i Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey i 1968.[3]

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Verket er orkestrert for pikkolo, tre fløyter (3. doblar pikkolo), tre oboar, engelsk horn, klarinett i ess, 2 klarinettar i B, bassklarinett i B, 3 fagottar, kontrafagott, seks valthorn i F og E, fire trompetar i C og E, tre trombonar, to tubaer, pauke, basstromme, cymbalar, triangel, klokkespel, røyrklokker i låg E, orgel, to harper og strykarar: fiolinar I, II (16 i alt), bratsjar (12), celloar (12), kontrabassar (8) (med låg C-streng).

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Den første innspelinga vart gjort i 1935 med Serge Koussevitzky og Boston Symphony Orchestra.[4] I 1944 dirigerte Strauss Wien filharmoniske i ei eksperimentell hifi-innspeling av stykket, på ein tysk bandopptakar av merket Magnetophon.[5] Denne vart seinare gjeven ut på LP av Vanguard Records og på CD på forskjellige selskap. Venen og kollegaen til Strauss, Fritz Reiner, spelte inn den første stereoinnspelinga av musikken med Chicago Symphony Orchestra i mars 1954 for RCA Victor.[6] I 2012 vart Fritz Reiner-innspelinga lagt til Library of Congress sitt National Recording Registry 2011 for «kulturelt, historiske eller estetisk viktige innspelingar».[7] Innspelinga av opningsfanfaren nytta i filmen 2001: A Space Odyssey vart framført av Wien filharmoniske og dirigert av Herbert von Karajan.[8]

Elvis Presley nytta opningsfanfaren som intro på konsertane sine mellom 1971 og til han døydde i 1977, og som intro på fleire av konsertalbuma hans, som Elvis: As Recorded at Madison Square Garden (1972), Aloha from Hawaii Via Satellite (1973) og Elvis in Concert (1977). Eumir Deodato sitt funk-aktige arrangement av opningsfanfaren Sunrise nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i 1973 og sjuandeplassen på UK Singles Chart.[9] Versjonen hans heitte «Also Sprach Zarathustra (2001)» og vann ein Grammy i 1974 for beste popinstrumental.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Richard Strauss – Tone-Poem, Death and Transfiguration, Opus 24» (and other works), Old And Sold
  2. Also sprach Zarathustra[daud lenkje] – notes by Los Angeles Philharmonic
  3. Also Sprach Zarathustra! Baltimore Symphony Orchestra, January 2012.
  4. Philip Clark, Strauss’s Also sprach Zarathustra – which recording is best;, Gramophone, 24 November 2014.
  5. Raymond Holden, Richard Strauss: a musical life. Yale University Press, New Haven and London 2014, ISBN 978-0-300-12642-6, page 157.
  6. Kenneth Morgel, Fritz Reiner, Maestro and Martinet, University of Illinois Press, 2010, Springfield. ISBN 978-0252077302. s. 204.
  7. «The National Recording Registry 2011». National Recording Preservation Board of the Library of Congress. Library of Congress. May 24, 2012. 
  8. «2001: A Space Odyssey Soundtrack Credits». IMDb. 
  9. Desouteiro, Arnaldo. 40 Years of Eumir Deodato's iconic «Prelude». Jazz Station. 30 September 2013.
  10. «1973 Grammy Award Winners». Grammy.com. Henta 1 May 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]