Alstahaugfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alstahaug ved Alstahaugfjorden

Alstahaugfjorden er ein fjord i Alstahaug kommune i Nordland. Fjorden ligg like utanfor sjølve Alstahaug og på austsida av øya Altra. Fjorden har ei lengd på 5,5 km frå sør til nord.

Fjorden startar i sør mellom Haugsneset i aust og Skarvøya i vest. Sør for fjorden ligg Haugsfjorden. På vestsida av Altra går Alterfjorden og nord for Alstahaugfjorden ligg Alstenfjorden.