Altaelva i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alta
ukrainsk Альта, Ільтиця, Alta, Iltytsja
elv
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Kiev oblast
Nedslagsfelt 492 km²
Lengd 46 km
Munning Trubizj

Altaelva i Ukraina
50°15′18″ N 31°11′52″ E

Alta eller Iltytsja er ei lita elv i Ukraina og ei sideelv til Trubizj frå høgre. Den gamle byen Perejaslav ligg mellom Trubiz og Alta.

Elva vert rekna som staden der mordarane sende av Svjatopolk I av Kiev tok livet av helgenane Boris og Gleb i 1015. I 1019 var elva åstad for eit slag mellom Svjatopolk og bror hans Jaroslav I den vise som Jaroslav vann.[1]

I 1068 var elva staden der Iziaslav I av Kiev vart slått av Polovtsy i slaget ved Altaelva[2]

Den 25. mai 1630, nær Perejaslav, vart den polske hetmanen Stanisław Koniecpolski slått av zaporozje-kosakkar leia av Taras Triasylo. Slaget er kjent som Tarasnatta og vert skildra i Taras Sjevtsjenko sitt dikt Taras Nich.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]