Altarbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Altarboka)
Gå til: navigering, søk

Ei altarbok eller ein agende (av latin agenda, 'det som skal gjerast'), er omgrep bruka om forskrifter for gudstenesta, bruka heilt i frå oldkyrkja. I mange evangelisk-lutherske kyrkjer er omgrepet bruka om boka som inneheld liturgien for gudstenester og kyrkjelege handlingar. I Den anglikanske kyrkja er boka kalla Book of Common Prayer.

Den katolske kyrkja brukar ei rad med liturgiske bøker for ulike kyrkjelege handlingar, og har følgjeleg ikkje nokon altarbok som samlar heile liturgien.

Altarboka i Den norske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste dansk-norske altarboka kom etter reformasjonen og vart utgjeven av Peder Palladius (1556). Frå 1688 til 1889 vart Hans Baggers altarbok bruka i Noreg. I 1920 vart det ved kongeleg resolusjon autorisert ei altarbok for Den norske kyrkja både på bokmål og nynorsk. Denne boka er enno i bruk i nokre kyrkjelyder, sjølv om ho dei fleste stadene er avløyst av Gudstenesteboka som vart teken i bruk første søndag i advent 1992.

Alterboka vart tidlegare fastsett som forskrift med heimel i grunnlova § 16. Frå 1990 har kyrkjemøtet, enno med heimel i grunnlova, vore delegert retten til å godkjenne liturgiar til bruk i gudstenesta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]