Alter Rhein

Koordinatar: 47°28′11″N 9°36′36″E / 47.46972°N 9.61000°E / 47.46972; 9.61000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alter Rhein nær Höchst
Alter Rhein ved Hohenems, på grensa til Diepoldsau

Alter Rhein (tysk for Gamle Rhinen) er det gamle elveleiet til Alpe-Rhinen i St. Gallen og Vorarlberg i Rhindalen. Leiet vart skoren av då Rhinen vart retta opp på 1900-talet. Desse avskorne armane har vorte viktige fritidsområde og naturreservat.

I 1900 var avskjeringa ved Fussach ferdig. Det gamle elveleiet, frå Höchst og St. Margrethen til landsbyen Altenrhein i Tahl ved breidda av Bodensjøen dannar grensa mellom Austerrike og Sveits. I 1906, vart Rheintaler Binnenkanal (Rhindalen innlandskanal) graven ut, og knytte Sennwald til St. Margrethen. I 1923 vart ein annan snarveg ferdig ved Diepoldsau, og skapte ei anna arm, som òg fekk namnet Alter Rhein.

Området mellom Gamle og Nye Rhinen utgjer i dag naturreservatet Rhin-deltaet (må ikkje forvekslast med Rhin-deltaet i Nederland).

Utsyn frå Hohe Kugel til gamle og nye Rhinen ved Diepoldsau

47°28′11″N 9°36′36″E / 47.46972°N 9.61000°E / 47.46972; 9.61000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]