Alterfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°55′59″N 12°16′54″E Alterfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Alstahaug og Herøy kommune i Nordland. Fjorden ligg på nordsida av øya Altra, som han har fått namn frå, og strekkjer seg 8 km nordaustover mot Alstenfjorden, som ligg lenger mot nordaust.

Fjorden startar ved Brasøya i sørvest. Frå Brasøya går det ferje langs fjorden til Kvaløyhamn på Altra, og frå her vidare nordover til Engan på Nord-Herøy. I tillegg til Altra og Brasøya går fjorden mellom to øyar som begge heiter Buøya, ei øy i kvar sin kommune. Ei anna øy på nordsida er Tenna.