Alternative fakta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Alternative fakta» er ei frase som vart brukt av presidentrådgjevar Kellyanne Conway den 22. januar 2017 i aktualitetsprogrammet Meet the Press på fjernsynskanalen NBC i USA.[1][2][3][4] I programmet freista ho å forsvare pressesekretær Sean Spicer sine usanne utsegner om kor mange som var til stades på Donald Trump sin innsettingsseremoni som president. Når ho kom under press i intervjuet med Chuck Todd i å forklare kvifor «Spicer ytra(r) ei beviseleg løgn», svarte Conway «Ikkje overdriv, Chuck. Du seier det er ei løgn, og ... pressesekretæren vår, Sean Spicer, gav alternative fakta.»[5][6] Todd svara med å seie «alternative fakta er ikkje fakta. Dei er usanningar.» Conway svara at det ikkje nokon eksakt vitskap å telja publikum på over ein million menneske, og at utsegner frå Spicer ikkje kunne provast å vere sanne eller usanne.[7]

Conway sin bruk av omgrepet «alternative fakta» for å skildra kva er sett på som usanningar, vart hånt på sosiale medium, og kraftig kritisert av Dan Rather, Jill Abramson, og Public Relations Society of America. Uttrykket vart omfattande skildra som orwellsk, og salet av romanen 1984 har auka med 9500 prosent, slik at boka vart bestseljar på Amazon.com.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Bradner, Eric (January 22, 2017). «Conway: Trump White House offered 'alternative facts' on crowd size». CNN. 
  2. Graham, David (January 22, 2017). «'Alternative Facts': The Needless Lies of the Trump Administration». The Atlantic. Henta January 22, 2017. 
  3. Swaine, Jon (January 22, 2017). «Trump presidency begins with defense of false 'alternative facts'». The Guardian. Henta January 22, 2017. 
  4. Jaffe, Alexandra (January 22, 2017). «Kellyanne Conway: WH Spokesman Gave 'Alternative Facts' on Inauguration Crowd». NBC News. Henta January 22, 2017. 
  5. Blake, Aaron (January 22, 2017). «Kellyanne Conway says Donald Trump's team has 'alternative facts.' Which pretty much says it all.». Washington Post. Henta January 22, 2017. 
  6. Conway: Trump spokesman gave 'alternative facts' (New York Post, 22 January 2017)
  7. Stableford, Dylan (22 January 2017). «Kellyanne Conway cites 'alternative facts' in tense interview with Chuck Todd over false crowd size claims». Yahoo! News (på engelsk). Henta 23. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]