Alternativkostnad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I mikroøkonomien, er alternativkostnaden ved bruk av ein ressurs det tapet av verdi eller føremoner som ein heller kunne brukt på noko anna.

I grunnleggjande likningsform kan alternativkostnaden definerast som:

Alternativkostnad = (avkasting på det beste alternativet ein vel bort) – (avkastning på det valte alternativet)

Direkte eller indirekte ligg alternativkostnaden til grunn for dei fleste daglige økonomiske avgjerdene som ein tek i samfunnet. Til dømes er alternativkostnaden ved å klippa sin eigen grasplen for ein lege eller ein advokat (som elles kan tene 1000 kroner i timen dersom han eller ho heller vel å arbeida overtid i løpet av denne tida) ville vera høgare enn for ein tilsett på minsteløn (som kan tene 100 kroner i timen), noko som ville gjere det meir sannsynleg for førstnemnde å tilsetja nokon andre til å klippa plenen for dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]