Altetar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Menneske er altetande.

Altetar (Omnivor) er eit omgrep som nyttast for å skildre dyr som har både plantar og dyr som primærnæringskjelde. Dei er ikkje spesielt tilpassa å fordøye kjøt eller plantar.

Mennesket er altetande då me både et plantar og kjøt frå dyr, fuglar og fisk, men me har høve til å påverke dietten vår sjølv.

Sjølv om der er rapportert om planteetarar som et kjøt og kjøtetarar som et plantar, syner definisjonen «altetar» til dei som et både plantar og kjøt som primærnæringskjelde.