Alti Førde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alti Førde
Handelshuset n.jpg
Stad Førde i Sunnfjord
Adresse Storehagen 9
6800 Førde
Opna 26. februar 1987
Golvareal 23 000 m²
Parkering 550

Alti Førde, tidlegare Handelshuset er eit kjøpesenter i Førde i Sunnfjord, det fyrste kjøpesenteret som vart bygt i Førde. Handelshuset vart bygt på 1980-talet og opna i 1987. Seinare har Førde Torg og Elvegården fylgt etter. Handelshuset er eit av dei største kjøpesentera mellom Bergen og Ålesund. Arealet på Handelshuset er 23 000 m². Mariann Njøsen er senterleiar for kjøpesenteret. Jostein Fredly er saman med Ida Berqvam dagleg leiar for selskapet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det som er det sørlegaste handelshus-bygget i dag, vart opphavleg bygt som slakteri av Vestlandske Salslag i 1963, og då dette flytta, kjøpte Ida og Guttorm Berqvam bygget. Dette var i juli 1985, og då det opna, som det einaste kjøpesenteret i fylket 26. februar 1987 var arealet på 6 000 m². Dette bygget har i dag eit areal på 12 500 m². 15. september 2005 opna det eit nytt bygg nord for det fyrste, dette utvida senteret mykje. Det er også bygd ein overgang, ein skywalk mellom dei to bygga. Denne opna i desember 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]