Altid frejdig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Altid frejdig» (norsk bokmål «Alltid freidig») er ein song skriven av den danske presten og diktaren Christian Richardt i 1867.

Songen var opphavleg ein del av eventyrdramaet Tornerose, som handlar om ein ung riddar som set den forheksa kongsdottera Tornerose fri frå tornefengslet sitt. Først forsøkjer han å trengje seg væpna inn i borga, men han får vite at berre trua er våpenet som kan hjelpe han til å trengje gjennom tornekrattet. På vindelbrua syng han songen han seier han har lært av far sin, «Altid frejdig, når du går veje, Gud tør kende», berre utstyrt med ei harpe. Slik greier han å setje fri den sovande kongsdottera.

«Altid frejdig når du går» fekk stor betydning for det danske folket under okkupasjonen under andre verdskrigen. Det vart den fremste salmen for dei danske fridomskjemparane. Enno vert salmen mykja brukt ved kyrkjelege handlingar, i Danmark som i Noreg.

Melodien vi bruker, er opphavleg skriven til songen «Dagen går med raske fjed» og er komponert av C.E.F. Weyse i 1838. I syngespelet som songen opphavleg inngjekk i, var musikken skriven av Peter Heise.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]