Altmünster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Altmünster sett frå fjellet Traunstein

Altmünster er ein kommune (Marktgemeinde) i Distriktet Gmunden i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 78,8 km² og i kring 9 800 ibuarar. Byen Altmünster med sine 4 500 ibuarar ligg 442 meter over havet, ved vestbreidda av innsjøen Traunsee. Kommunen elles omfattar den store landsbyen (Kastralgemeinde) Neukirchen fire kilometer vest om byen, tre mindre landsbyar og fem grender. 48% av flatevidda er skog- og 35% landbruksareal.

Turisme er hovudnæring i kommunen, elles pendlar mange til arbeid i byane Gmunden og Vöcklabruck.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]