Alto Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alto Reed
Verkeleg namn Thomas Neal Cartmell[1]
Fødd 16. mai 1948
Detroit[2]
Yrke saksofonist

Alto Reed (fødd 16. mai 1948)[3] er ein USA-amerikansk saksofonist frå Detroit som er best kjend som langvarig medlem av Bob Seger and the Silver Bullet Band. Den best kjende framføringa hans er mellom anna introen på «Turn the Page» og saksofonsoloen på «Old Time Rock and Roll».

Reed byrja å spela med Bob Seger i 1972, og har turnert med han sidan.[2] På 1990-talet byrja han ein parallell solokarriere. Han gav ut sitt første soloalbum i 1997.[4]

Reed har òg spelt på filmmusikken til to filmar av Jeff Daniels, og har spelt med mange band og musikarar, som Foghat, Grand Funk Railroad, Little Feat, Otis Rush, Enchantment, Jamie Oldaker, George Terry, Dave Mason, Spencer Davis, Tico Torres, Dan Aykroyd, James Belushi, The Blues Brothers, The Ventures, George Thorogood, Robin Gibb og i Romania med bandet Holograf.

Alto Reed har to døtrer, Chelsea og Victoria.[5] Victoria Reed er også musikar.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Cool Breeze (1997)
  • RockHits (2001)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alto Reed», Itunes (Apple Inc.) 
  2. 2,0 2,1 «The day after tour ends: Bob Seger saxophone whiz Alto Reed ready to do it all again». The Grand Rapids Press. May 29, 2011. 
  3. Alto Reed (born 05/16/1948), flvoters.com 
  4. Artist Biography by Steve Huey, Allmusic.com 
  5. «Seger saxophonist Reed offers a glimpse at life in the band and on the road». Goldmine. February 27, 2013. 
  6. Dominique Stewart (12.23.15), «A Few of My Favorite Things: A Day with Victoria Reed», Brooklyn 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]