Altocumulus castellanus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Altocumulus castellanus
Altocumulus castellanus
Altocumulus castellanus
Høgd 2000-5500 m
Utsjånad Opptårna skytårn frå toppen av skylaget
Nedbørsky? Ja
Forkorting Ac

Altocumulus castellanus eller berre castellanus er ein type midlare sky og er ein variant av altocumulus. Namnet kjem av dei opptårna utskota som bølgjer seg oppover frå skybasen. Skybasen kan variere frå 2000 m til 5500 m.

Castellanusskyer er prov på midttroposfærisk instabilitet og stor adiabatisk lapse rate i høgare nivå. Dei oppstår som regel når eit kaldare luftlag strøymer inn over eit område med altocumulusskyer. Dette medfører instabilitet, og luftbobler byrjar å stige frå skybasen. Kondensasjon i desse boblene skapar castellanuseffekten.

Skyene kan vere teikn på dårlegare vêr, og visst konveksjon frå overflata rekk opp til det midttroposfæriske ustabile laget, kan castellanusskyene utvikle seg vidare til cumulonimbusskyer og torevêr. Av denne årsaka er meteorologar alltid på vakt når det vert observert castellanus.

Sidan skyene er kjenneteikna ved vertikale luftstraumar, kan fly oppleve lett til moderat turbulens visst dei passerer slike skyer, men dette inneber vanlegvis ingen fare for flya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]