Altranstädt-traktaten i 1706

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl XII av Sverige i Altranstädt 1706-1707, av Johan David Swartz

Altranstädt-traktaten var ein avtale mellom Karl XII av Sverige og August den sterke den 13. oktober 1706, under den store nordiske krigen. August måtte seie i frå seg kravet på den polske trona og gje opp alliansen med Russland.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På vegner av Karl XII, som hadde okkupert det meste av Det polsk-litauiske samveldet under den store nordiske krigen, vart Stanisław Leszczyński krona til konge av Polen den 4. oktober 1705.[1] Ei gruppe i samveldet, organisert i Sandomierz-føderasjonen, vart verande lojale til den saksiske kurfyrsten August den sterke, som hadde vore polsk konge sidan 1697 og alliert mot Karl XII i lag med den russiske tsaren Peter den store.[2]

Dei allierte prøvde å få tilbake kontrollen i Polen-Litauen, men dette vart stogga av Karl XII i slaget ved Grodno og av Carl Gustav Rehnskiöld i slaget ved Fraustadt, begge i løpet av dei første månadane av 1706.[3] Etter Fraustadt var i røynda det saksiske kurfyrstedømet utan forsvar og då Karl XII slo saman styrken sin med styrken til Rehskiöld og flytta gjennom Schlesien for å okkupere det, møtte han ingen motstand.[3]

Vilkår[endre | endre wikiteksten]

August den sterke

August den sterke gjorde fred med Det svenske imperiet.[4] Han sa frå seg kravet om den polske krona, aksepterte Stanisław Leszczyński som polsk konge og måtte gratulere han.[4]

Alliansen hans med Russland, som var formalisert i Preobrazjenskoje-traktaten og Narva-traktaten, vart erklært ugyldig.[4] Alle russarar under August sin kommando måtte sendast til svenskane som fangar.[4] Johann Patkul vart erklært som kriminell og vart teken til fange av svenskane.[4]

Avtalen vart inngått i løyndom.[4]

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Johann Patkul vart avretta.[4]

Då avtalen vart kjend for Peter den store vart han skuffa.[5] Diplomatane hans, som var klar over at det kunne oppstå ein separat fredsavtale mellom Sachsen og Sverige[4] og som prøvde å forhandle fram ein separat fredsavtale for Russland sidan 1703,[6] klarte ikkje å kome mellom.[4] I tillegg hadde ikkje berre Peter rekna August som ein alliert, men som ein nær ven.[4] Då August vart avsett tilbaud Peter den polske krona, som han ikkje hadde erobra enno, til den ungarske opprørsprinsen Frans II Rákóczi, til den britiske generalen John Churchill, til polakken Jakub Sobieski, til den habsburgske kommandanten Eugene av Savoy og til fleire andre.[5]

I Det polsk-litauiske samveldet, hadde avtalen styrkt stillinga til Stanisław Leszczyński. Han vann etter kvart lojaliteten til lågadelen i landet.[5]

August den sterke vart gjeninnsett som polsk konge og fornya alliansen med Russland etter Thorn-traktaten i 1709, etter at Peter den store hadde sigra over Karl XII i slaget ved Poltava.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bromley (1970), s. 699
  2. Anisimov (1993), s. 103-104
  3. 3,0 3,1 Bromley (1970), s. 700
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 Anisimov (1993), s. 105
  5. 5,0 5,1 5,2 Anisimov (1993), s. 107
  6. Anisimov (1993), s. 106
  7. Anisimov (1993), s. 125