Altruisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Altruisme er ei etisk doktrine som hevdar at det er rett å handle på ein slik måte at det tenar andre (samfunnet). Det motsette av altruisme er egoisme, som hevdar at det er rett å handle på ein slik måte at det tenar den som handlar.

I åtferdsbiologien vert altruismeomgrepet nytta om høve der individ syner tilsynelatande ueigennyttige handlingar; at det gjev eit anna individ ein evolusjonær fordel på ein måte som fører til ei auke i eigne kostnadar.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.