Hopp til innhald

Alvøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alvøen
stad
Land  Noreg
Kart
Alvøen
60°21′00″N 5°11′00″E / 60.35°N 5.18333333°E / 60.35; 5.18333333
Wikimedia Commons: Alvøen

Alvøen eller Alvøy er eit gardsnamn og stadnamn i Laksevåg i Bergen. Etter at Alvøens Papirfabrik AS hadde laga papir i Alvøen sidan 1797, stogga papirmaskinane for godt i 1981. Fabrikken var då den eldste papirfabrikken i landet. Eigedomen med det staselege direktørhuset, Alvøen Hovedbygning, vart opna som museum i 1983 i regi av Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Den eldste forma av namnet vart skrive omkring 1400 e.Kr. som «Alfuen» med uttala Alven. Det fyrste leddet «Alv-» kan koma frå gamalnorsk alfr, dvs. ‘grus’. Men det siste leddet «-øen» skal fyrst ha kome til på 1560-talet, frå det veksande danske embetsverket, av di skrivaren trudde staden var ein «ø»,[1] eller ei øy.

Alvøen ligg ved Vatlestraumen heilt vest i Bergen kommune, der lasteskipet «Rocknes» gjekk på grunn og kantra i januar 2004. Havaristen vart slept til Alvøen, stabilisert og delvis undersøkt, før han blei teken til CCB-basen ved ÅgotnesSotra for vidare undersøkingar og snuoperasjon.

  1. Christian Gierløff (1944). Alvøen og Fasmerslekten : 1744-25.juni-1944. Bergen. s. 11-12.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]