Alv Egeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alv Egeland
Fødd22. mars 1932
Kvinesdal kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, astronom, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Alv Egeland (fødd 22. mars 1932 i Kvinesdal)[1] er ein prislønt norsk fysikar, kjend for forskinga si på nordlys.

Etter cand.real. frå Universitetet i Oslo 1959 var han 1959-1964 forskar ved Kungliga Vetenskapsakademien og mottok Fil.Dr. frå Universitetet i Stockholm 1963.[2] Frå 1959 var han tilsett ved Kiruna Geophysical Observatory, men berre som som vikarierande bestyrar 1963-1964, før han i 1964 vart førsteamanuensis i Oslo, ved institutt for kosmisk fysikk. Han var styrar her 1968-72 og vart professor i kosmisk fysikk 1972, frå 1979 innan romfysikk.

Han hadde lengre forskaropphald ved NASA Goddard Space Flight Centre 1968-69, 1981-82, 1983, 1999 og 2005. Han har sidan vore engasjert ved Andøya Rakettskytefelt (stort sett eigd av Norsk Romsenter der Egeland var styremedlem). Samtidig heldt han stilling som professor emeritus ved plasma og romfysikk. Egeland er kjent som ein ivrig formidlar og stod saman med Universitetet i Tromsø og Norsk Teknisk Museum bak Nordlysutstillinga til Vinter-OL 1994 som har gått jorda rundt.

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Alv Egeland og Leiv Harang (1973). Cosmical geophysics. Universitetsforlaget. 
  • Alv Egeland, Erik Tandberg og Erik Tronstad, red. (1986). Norge i romalderen. Aftenposten. 
  • Alv Egeland og Asgeir Brekke (1994). Nordlyset, kulturarv og vitenskap. Grøndahl/Dreyer. 
  • Alv Egeland (2002). I nordlysets verden. Narom. 
  • Per Even Sandholt, Herbert C. Carlson og Alv Egeland (2002). Dayside and polar cap aurora. Kluwer Academic Publishers. 
  • Alv Egeland og William J. Burke (2005). Kristian Birkeland. Springer Verlag. 
  • Alv Egeland, Bjørn Pedersen, Johs G. Thorstvedt m.fl. (2008). Lars Vegard. Mennesket, forskeren og læreren. Bokbyen. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]