Alv Kjøs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alv Kjøs

Fødd4. juni 1894
Løten
Død14. april 1990 (95 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedKrigsskolen
Alle verv

Alv Kjøs (4. juni 189414. april 1990) var ein norsk gardbrukar, politikar og militær frå Løten i Hedmark. Han var formann i Høgre frå 1954 til 1962 og stortingsrepresentant 1937-1965.

Kjøs var son til ein gardbrukar og bankkasserar. Han tok eksamen på krigsskulen i 1917 og på landbruksskule i 1925. Frå 1926 til -56 dreiv han garden Finnstad i Løten. Jamsides gjorde han karriere i det militære, og vart kaptein og kompanisjef i 1934. I 1940 vart han major og i 1946 oberst. Han var sjef for Øst-Oppland Infanteriregiment nr. 5 i tida 1946-54.

Under angrepet på Noreg i 1940 deltok Kjøs i slaget ved Dombås, der han vart fanga etter å ha køyrt inn i eit tysk bakhaldsangrep. I 1942 internerte den tyske okkupasjonsmakta Kjøs, som sat fengsla i fangeleiren Grini til han året etter vart overført til Tyskland, der han etter tur sat i fangeleirane Grune, Schildberg og Luckenwalde.

Kjøs var medlem av Løten heradsstyre frå 1932 til 1945, og var aktiv på lokalt og regionalt nivå i Norsk Landmandsforbund/Norges Bondelag.

Ved stortingsvalet 1936 vart Kjøs vald til stortingsrepresentant frå Hedmark og for partiet Høgre. Han høyrde til agrarfløya i partiet, og fekk i åra etter verdskrigen gjennomslag i Høgre for ein landbruks- og fiskeripolitikk som nærma seg Arbeidarpartiet sin. Han støtta til dømes Arbeidarparti-regjeringa sine initiativ for å omstrukturere den nordnorske fiskerinæringa, der staten gjekk aktivt inn i foredlingsindustrien. Kjøs støtta også «forhandlingsøkonomien» i jordbruket, der prisar og reglar for omsetning av jordbruksprodukt skulle fastsetjast i forhandlingar med landbruksorganisasjonane.

Alv Kjøs i 1964.

Etter stortingsvalet 1957 var det ei langt yngre Høgre-gruppe på Stortinget. Fleire av dei nye i gruppa ynskte å erstatte Kjøs med John Lyng som parlamentarisk leiar, då dei heldt Kjøs for å vere ein svak leiar. Andre fann han vanskeleg å samarbeide med, Senterpartiets Per Borten uttalte at å forhandle med Kjøs «var nesten umulig – [Kjøs og generalsekretær Ursin] hadde ikke engang evnen til å gjøre klart for seg selv hva de egentlig ønsket og langt mindre for andre.» Kjøs vart likevel attvald til parlamentarisk leiar med Lyng som nestleiar, men tida framover vart prega av spenningar mellom «Kjøs-fløya» og «Lyng-fløya».

På landsmøtet til Høgre i 1958 gjorde valkomitéen framlegg om attval av Kjøs. Eit benkeforslag frå Jo Benkow på John Lyng som formann, fekk heile 137 av dei 354 røystene ved formannsvalet. Etter avtale mellom formannskandidatane tok Lyng difor over som parlamentarisk leiar. Kjøs trekte seg frå formannsvervet i 1962, men heldt fram i Høgre sitt gruppestyre til han forlet Stortinget i 1965. Ved sida av verv i Utanrikskomiteen og Miltærkomiteen var han 1961-65 visepresident i Stortinget. Han var også odelstingspresident i stortingsperioden 1958-61.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]