Alvdalsmål
- Må ikkje forvekslast med Elvdalsk.
Alvdalsmål | ||
Klassifisering | Indoeuropeiske språk | |
Klassifisering | Germansk Nordgermansk Vestnordisk Norsk Austnorsk Østerdalsmål Alvdalsmål | |
Bruk | ||
Tala i | Noreg | |
Område | Nord-Østerdal | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | ingen | |
Alvdalsmål (óg kalla alvdølsk/alvdøl; lokalt: âḷvdøḷ, âḷvdâḷsk) er ein norsk dialekt som hovudsakleg vert brukt i Alvdal kommune i Nord-Østerdalen, og høyrer til dialektgruppa østerdalsmål og er rekna som eit flatbygdmål og variant av austlandske talemål.
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Dativ
[endre | endre wikiteksten]I Alvdalsmålet har dativ i bunden form overlevd mellom mange eldre brukarar, inkjekjønn og hankjønn får a-ending, fleirtal får om-ending, medan hokjønn får en-ending, desse formene førekjem ofte etter preposisjonar eller for å markere indirekte objekt. Nokre døme på dette er fylgjande:
Katta satt oppå stoḷa
En gång i ti’n
Oppi fjella
Tvi i fjellom
Historisk vart pronomen, hovudsaklig i 2 person eintal, bøygde i dativ, som i norrønt hánum og hęnnar: (hornom for han, og hennar for ho).[1]
Jamnvekt og kløyvd infinitiv
[endre | endre wikiteksten]Alvdalsmålet høyrer, i likskap med mange av dei andre dialektane i Nord-Østerdalen, til det austnorske jamnvektsområdet, og her gjeld soleis jamnvektslova. Som eit resultat av jamnvektslova har alvdalsmålet kløyvd infinitiv. Kløyvd infinitiv gjer at dei norrøne jamnvektsorda endar på -a: å eta, å læsa, medan dei gamle overvektsorda endar på -e: å kaste, å bite, å drømme. I Alvdalsmålet er jamninga særleg sterk, med mykje utjamning av vokalane i jamvektsorda. I infinitiva er jamningsresultatet å-å, døme: å våttå, å tåḷå, å bårrå, å låvvå, å såvvå.[2]
Målprøve med omsetjing til nynorsk
[endre | endre wikiteksten]Alvdalsmål | Nynorsk |
---|---|
Ei æ væ gḷa’ i friluftsliv da, og turmulehetan me ha’ i Lilledaḷ’n ell’ Êḷvedaḷ’n, og så kan ei nå’ sitte mæ et lite TV-spell for å koble av litt. Ellers så jobbe ei i barnehave og litt i TFF, og æ veldig gła’ i fôḷk. Dæ må’n jo óg, for det bḷi’ nå litt vansklé å jobbe mæ fôḷk viss’n itte like’ fôḷk. | Eg er glad i friluftsliv, og turmoglegheitene vi har på Alvdal, så kan eg sitte med eit TV-spel for å kople av litt. Elles jobbar eg i barnehage og litt i TFF, og er glad i folk. Det må eg berre gjere óg, for det vert litt vanskeleg å jobbe med folk om eg ikkje liker dei. |
I populærkulturen
[endre | endre wikiteksten]Musikk
[endre | endre wikiteksten]Musikkgruppa Travellin' Imbesiles er kjend for å synge songar på alvdalsmål, og har gjeve ut mange av dei på CD.[3]
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]Forfattaren og teiknaren Kjell Aukrust brukte lokale ord og uttrykk i mange av bøkene sine. Men det er nokre skilnadar på idiolekten til Aukrust og typisk alvdalsmål, nokre døme på dette er fylgjande:
- På alvdalsmål brukast vanlegvis pronomenet ei i 1-person eintal, medan det i Kjell Aukrusts tekstar står je.[4]
- Svake verb i preteritum har a-ending i Aukrusts verk, medan det oftast er e-ending på alvdalsmål.
Alvdalsmålet i dag
[endre | endre wikiteksten]Alvdalsmålet har byrja å bli stadig mindre og mindre utbreidt hjå yngre talarar i nyare tid. Mange yngre går over til standard austnorsk, med nokre lokale innslag, som til dømes an-endingar i bunden fleirtal. Dialekten overlever samstundes best hjå eldre talarar.[5]
Sjå óg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alvdalsmålet i ord og utrykk, Tor Omar Tronsmoen, 2007.
- ↑ Martin Skjekkeland. «Dialekter i Østerdalen» (på Nynorsk). Store Norske Leksikon. Henta 30. januar 2025.
- ↑ «20 år med Travellin' Imbesiles». Alvdal midt i væla. Henta 30. januar 2025.
- ↑ «Aukrust kjennarar vil seie at det er i tråd med hans tekstar». NRK P3.
- ↑ «Niendeklassingene har forsket på dialekta». Alvdal midt i væla. Henta 30. januar 2025.
- dialekter i Østerdalen-Store norske leksikon
- Alvdalsmålet i ord og utrykk, Tor Omar Tronsmoen, 2007
- Delar av denne artikkelen bygger på «Østerdalsmål» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Old Norse morphology» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2025.