Alvekvalfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alvekvalfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Alvekvalfugl Northland Coast, Haurakigolfen, New Zealand Foto: Wikipedia-brukar Sabine's Sunbird
Alvekvalfugl Northland Coast, Haurakigolfen, New Zealand
Foto: Wikipedia-brukar Sabine's Sunbird
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Pachyptila
Art: P. turtur
Vitskapleg namn
Pachyptila turtur
Kuhl, 1920

Alvekvalfugl, Pachyptila turtur, er ein kvalfugl i stormfuglfamilien som lever ved kystar og til havs, sirkumpolart på den sørlege halvkula.

Aust for Tasmanhalvøya, Australia
Foto: JJ Harrison

Alvekvalfuglar har blågrå overside med ei mørk 'M'-forma figur over venger og rygg, som er typisk for kvalfuglar. Dei har eit breitt, mørkt haleband, noko dei berre deler med den litt større arten tjukknebbkvalfugl. Dette er den minste kvalfuglen, ca. 25 cm i kroppslengd og 125 gram i masse.[1]

Dei plukkar det meste av føda frå havoverflata, først og fremst kril, men òg småfisk, planktoniske krepsdyr og virvellause dyr.[1]

Hekkekoloniane ligg på isolerte øyar ved New Zealand, Australia, Falklandsøyane, Sør-Georgia og på Crozetøyane.[2] På New Zealand hekkar dei i løpet av den australske våren og sommaren, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 3 månader.

Verdspopulasjonen var estimert til 5 millionar i 2004,[2] av det rundt ein million i området ved New Zealand, og det er ingen informasjon utvikling av bestanden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  • BirdLife International (2012) Species factsheet: Pachyptila turtur. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. juni 2012.
  • Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. 1,0 1,1 Heather og Robertson, 2005
    2. 2,0 2,1 BirdLife International 2012

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]