Hopp til innhald

Alver kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alver kommune
kommune
Kommunelogo
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Knarvik
Areal 679,05 km²
   land 650,98 km²
   vatn 28,07 km²
Folketal 29 507 (1. januar 2026)
Målform nynorsk
Ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp)
Kommunenr. 4631
Kart
Alver kommune
60°40′00″N 5°20′00″E / 60.666666666667°N 5.3333333333333°E / 60.666666666667; 5.3333333333333
Kart som viser Alver kommune.
Kart som viser Alver kommune.
Kart som viser Alver kommune.
Wikimedia Commons: Alver
Nettstad: alver.kommune.no

Alver kommune er ein kommune i Nordhordaland i Vestland fylke, som vart skipa den 1. januar 2020 då dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy slo seg saman til nye Alver.[1] Innbyggjartalet i den nye kommunen er 29507 i 3. kvartal av 2021.[2]

Alversundbrua

Namnet kjem frå gardsnamnet Alver,[3] som har gitt namn til og ligg i bygdelaget Alversund ved Alverstraumen i tidlegare Lindås kommune, og som no ligg sentralt i den samanslåtte kommunen.

Namnet til kommunen "Alver" kan tydast som "alt vér", ein plass med alt ver, mest nedbør.

Ordførar i kommunen er Sara Hamre Sekkingstad (Sp), medan varaordførar er Øyvind Helland Oddekalv (Ap).[4]

Alver ligg i det geologiske området Bergensfeltet eller Bergensbuene. Kommunen omfattar 843 øyer og holmar.[2]

Det høgaste punktet i kommunen er Sørdalsnuten, på 957 meter over havet. Det lågaste punktet er i Austfjorden, og ligg 677 meter under havet.[2]

Kjende alverbuarar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Forskrift om samanslåing av Lindås kommune, Meland kommune og Radøy kommune til Alver kommune, Hordaland. Henta den 6.1.2020.
  2. 1 2 3 «SSB kommunefakta», Statistisk Sentralbyrå, 10. desember 2021, henta 10. desember 2021
  3. Stadnamn og skrivemåten for stadnamn, kartverket.no
  4. NRK (12. september 2019). «26-åring blir ordfører i ny kommune». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. september 2019.