Alversund kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°34′19″N 5°13′59″E

Alversund kyrkje
Alversund kyrkje A.jpg

Alversund
Foto: B Ystebo

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordhordland
Fellesråd:  Lindås
Sokn:  Alversund
Innvigd:  27. mai 1879[1]
Endringar:  Pussa opp til jubileet i 1979
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Jon Jonsen Alvær[1]
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  200 sitjeplassar
Commons-logo.svg
Alversund kyrkje på Commons

Alversund kyrkje står i Alversund i Lindås kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje frå 1879.

Alversund kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Alversund kyrkje
Kyrkjelydshuset ved Alversund kyrkje
Foto: B Ystebo

Kyrkja er bygd i tre og har plass til 200 personar. Orgelet er bygd av J. H. Jørgensen i 1956 og har elleve stemmer, fordelt over to manualar pluss pedal.

Det har vore kyrkje i Alversund sidan mellomalderen. I Flateyarbok er ein prest Righardt ved «Aluiru» nemd i 1127, men det er usikkert om det med «Aluiru» her er meint Alversund. Alversund-kyrkja er sikkert nemd i ei kjelde frå 1329, og kring 1360 er ho omtala som «aluiru» i Bergen kalvskinn. Kyrkja som er omtala på 1300-talet og utover var mest truleg ei stavkyrkje. Mellomalderkyrkja vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1600-talet, moglegvis i 1629. 1600-talskyrkja stod til ut i 1880-åra, då ho vart riven etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1879.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Alversund sokn i Nordhordland prosti. Alversund sokn høyrde til Hamre prestegjeld til 1885 [2], og deretter til Aldersund prestegjeld til prestegjeldsordninga vart nedlagt i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]