Alvin Martin Weinberg
Utsjånad
| Alvin Martin Weinberg | |||
| | |||
| Fødd | 20. april 1915 Chicago | ||
|---|---|---|---|
| Død | 18. oktober 2006 Oak Ridge | ||
| Nasjonalitet | USA | ||
| Område | kjernefysikk | ||
| Yrke | fysikar, kjernefysikar | ||
| Alma mater | University of Chicago Theodore Roosevelt High School | ||
| Doktorgradsrettleiar | Carl Eckart | ||
| Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences American Philosophical Society | ||

Alvin Martin Weinberg (20. april 1915–18. oktober 2006) var ein amerikansk fysikar.
Han tok doktorgrad i matematisk biofysikk frå University of Chicago i 1939, og var tilknytt Oak Ridge National Laboratory frå 1945, der han vart forskingsdirektør i 1948 og direktør frå 1955. Frå 1975 til 1985 var han direktør for Institutt for energianalyse ved Oak Ridge Associated University. Weinberg deltok i utviklinga av dei første energiproduserande kjernereaktorane og gjorde seg merka for arbeid innan teoretisk reaktorteknologi og vedrørande utvinning av kjerneenergi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Alvin Martin Weinberg. (2012-02-25) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Alvin_Martin_Weinberg