Alvin Stardust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alvin Stardust

Alvin Stardust i 1974
Fødd27. september 1942
FødestadMuswell Hill i North London i England
Død23. oktober 2014 (72 år)
DødsstadIfold, West Sussex, England
FødenamnBernard William Jewry
AliasShane Fenton, Alvin Stardust
OpphavMuswell Hill i Nord-London i England
Aktiv1971 til 2014
SjangerPop, musikal
InstrumentVokal, gitar
Verka somskodespelar, teaterskodespelar, songar, musikar, fjernsynsskodespelar, plateartist
Gift medLiza Goddard
BornAdam F

Alvin Stardust (27. september 194223. oktober 2014) er ein engelsk popsongar og teaterskodespelar.

Då Jewry arbeidde som scenearbeidar tidleg i 1960-åra vart han med medlem av Shane Fenton and The Fentones som hadde nokre hittar på den britiske singellista med ein liknande stil som The Shadows. Jewry forsvann så frå søkelyset i ti år etter at The Fentones slutta. Tidleg i 1970-åra tok Jewry på seg ein ny person, Alvin Stardust, og vart ein populær glamrockartist. Han fekk namnet sitt av Michael Levy (seinare Lord Levy) som eigde plateselskapet Magnet Records. Han debuterte med hitten «My Coo Ca Choo» i 1973. Stardust hadde òg hittar med «Jealous Mind» (til topps i Storbritannia[1]), «You, You, You», «Red Dress» og «Good Love Can Never Die». Totalt fekk han sju hittar på Topp 10.

I 1985 deltok Stardust i A Song for Europe, den britiske kvalifiseringa til Eurovision Song Contest, med songen «The Clock on the Wall». Han enda på tredjeplass etter Vikki og Kerri Wells.

Utover 1980-åra spelte Stardust i fleire musikalar, som Lloyd Webber–Rice-musikalen Cricket, David Copperfield — The Musical, The Butlin Story og Chitty Chitty Bang Bang.

Stardust har òg spelt i fleire fjernsynsseriar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 156. ISBN 0-85112-250-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]