Alvino Rey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alvino Rey

Fødd1. juli 1908(1908-07-01)
FødestadOakland i California i USA
Død2. februar 2004 (95 år)
DødsstadSalt Lake City
FødenamnAlvin McBurney
OpphavUSA
Aktiv1927–1994
SjangerSwing, jazz, exotica
Instrumentgitar, banjo
Kjende instrumentBanjo, pedalsteelgitar
PlateselskapCapitol Records
Verka somBandleiar, musikalsk leiar, gitarist, oppfinnar

Alvin McBurney (1. juli 19082. februar 2004), meir kjend under scenenamnet Alvino Rey, var ein amerikansk musikar og pioner i swingtida, ofte rekna som oppfinnaren av pedalsteelgitaren. For det meste var han knytt til orkester, storband og swing, og mot slutten av karrieren til jazz og exotica.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alvin McBurney var fødd i Oakland i California i 1908, men flytta med familien til Cleveland i Ohio. Han byrja å spele gitar som barn og lytta til innspelingar av gitaristar som Eddie Lang og Roy Smeck. 15 år gammal fann han opp ein elektrisk gitarforsterkar, men fekk han ikkje patentert. Han tok seinare patent på fleire seinare versjonar.[1]

I 1927 fekk Rey jobb på banjo i bandet til Ev Jones. Same året byrja han å spele elektrisk gitar i bandet til Phil Spitalny. Alvino spelte i fleire andre band, som med Russ Morgan og Freddie Martin. Medan han var med i orkesteret til Phil Spitalny i New York City, endra namn til Alvino Rey seint i 1929, samstundes som ei bølgje med latinamerikansk musikk kom inn over byen. Frå 1932 til 1939 spelte Rey steel- og spansk gitar og i gruppa til Horace Heidt, Horace Heidt and His Musical Knights. Her vart han ein pioner på instrumentet, og vart kjend for den unike stilen sin. Han vart ein av dei mest kjende og best betalte musikarane innan country.

I 1935 fekk Rey jobb hos Gibson Guitar Corporation for å skape ein prototype på ein signalfangar med lydteknikarane i Lyon & Healy i Chicago, basert på ein han hadde laga for sin eigen banjo. Resultatet vart nytta på den første elektriske gitaren til Gibson, ES-150. Prototypen finst i dag på Experience Music Project-museet i Seattle, oftast kjend som Hendrix-museet.

I januar 1939 slutta Rey i bandet til Heidt for å bli musikalsk leiar på radiostasjonen KHJ i Hollywood. Rey danna sidan si eigan gruppe med King Sisters (som songarar) og Frank DeVol, og flytta til Los Angeles. Artistar som var innom bandet var mellom andre Johnny Mandel, Paul Fredricks, Skeets Herfurt, Neal Hefti, Dave Tough, Mel Lewis, Don Lamond, Andy Russell, Alfred Burt og tre av Woody Herman sin framtidige saksofonistrekkje «Four Brothers»: Al Cohn, Zoot Sims, og Herbie Steward. Bandet vart arrangert av arrangørar som Nelson Riddle, George Handy, Billy May, Ray Conniff og DeVol. I 1940-åra vart bandet eit av dei mest populære i landet.[2]

Seint i 1950-åra var Rey musikalsk leiar for King Sisters. I 1965 gjekk det ein TV-serie på ABC kalla The King Family Show om gruppa.[2] Rey var musikalsk leiar for showet, samstundes som han produserte ei rekkje album med gruppa frå programmet. Etter ABC-showet arbeidde Rey på fleire exotica-prosjekt med artistar som Esquivel og George Cates. Rey slo seg saman med Jack Constanzo og andre studiomusikarar i det Martin Denny-inspirerte Surfmen for Somerset Records. Han spelte på kjenningsmelodien til filmen filmen The Bat (1959). Han fortsette å spele musikk til han var inn i 80-åra sine og leia eit band som spelte i Disneyland kvart år frå parken opna i 1955.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]