Alwand
Alwand | |||
elv | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Kjelde | Zagrosfjella | ||
Munning | Diyala | ||
![]() Alwand | |||
Wikimedia Commons: Alwand River | |||
Alwand eller Halwan (arabisk نهر حلوان), sørkurdisk چەم ئەڵوەن, farsi رود الوند) er ei elv aust i Irak og vest i Iran. Ho spring ut i Zagrosfjella i Iran.[1]
Elva flyt vestover frå fjella til byen Qasr-e Shirin, der ho snur sør og kryssar grensa til Irak. Ho deler så byen Khanaqin i to. Ho har spelt ei viktig rolle i jordbruket og i opprettinga av eit sterkt samfunn på landsbygda i området. Ho vert av folket i Khanaqin rekna som eit symbol for samhald og kurdisk identitet.
Elva munnar ut i Diyala ved Zengabadh.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Alwand» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Houtsma, M. Th (1993). First Encyclopaedia of Islam 1913-1936. s. 807. ISBN 9004097902.