Alyawarr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alyawarr
Klassifisering: Australske språk
 Pama-nyunganske språk
  Arandiske språk
   Alyawarr
Bruk
Tala i: Nordterritoriet og Queensland i Australia
Alyawarrtalande i alt: 1 660 (2006)
Språkkodar
ISO 639-1: Ingen
ISO 639-2: aus

Alyawarr er eit australsk språk som vart snakka av 1 450 personar i 1996. Alyawarr blir snakka ved Sandover og Tennant creek i Nordterritoriet og Queensland i Australia. Alyawarr tilhøyrer dei pama-nyunganske språka. Det er nærast i slekt med vest-arrarnte (språkkode are), anmatyerre (amx) og kaytetye (gbb).

Språket har berre tre innfødde talord: Anyent [ʌˈɲəntʰ] for 1, atherr [ʌ'tθəɾᵉ] for 2 og irrpety [iɾ'pitʃ] for 3. For tal høgare enn dette brukte ein oppphavleg irrpetyap [ir'pitʃʌp], som tyder 'nokre', akngerr [ʌk'ŋəɾᵊ], 'mange' eller akngerr innga [ʌk'ŋə in'ŋʌ], 'svært mange'. Ein har seinare teke i bruk engelske talord som lånord.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Alyawarr ved Ethnologue - Languages of the World
  • Alyawarr ved lingweb.eva.mpg.de
Spire Denne språkartikkelen som har med Australia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.