Alès

Koordinatar: 44°08′N 04°54′E / 44.133°N 4.900°E / 44.133; 4.900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alès
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Gard
Geografi
Flatevidd 23,16 km²
Flatevidd
 - By

23,16 km²
Innbyggjarar
 - By (2000)
   - folketettleik

41 054
  1 700/km²
Koordinatar 44°08′N 04°54′E / 44.133°N 4.900°E / 44.133; 4.900
Høgd over havet 150 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 30100
Heimeside: www.ville-ales.fr

Alès er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Gard i regionen Languedoc-Roussillon og har om lag 40 000 innbyggjarar. Han vart tidlegare kalla Alais.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Alès ligg 40 km nordvest for Nîmes ved den venstre breidda til elva Gardon, som delvis omringar byen. Byen ligg òg ved foten av Cevennane nær nasjonalparken Parc National des Cévennes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1500-talet var Alès ein viktig by for hugenottar. I 1629 tok Louis XIII byen og med Freden i Alais gav hugenottane opp rettane sine til places de sûreté (garnisonsbyar) og andre privilegium. Eit bispedøme vart oppretta her i 1694, men det vart avskaffa i 1790 i samband med den franske revolusjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alès