Ama Dablam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 27°51′40″N 86°51′40″E
Ama Dablam
fjell
Ama Dablam2.jpg
Det klassiske utsynet frå sørvest
Land Flag of Nepal.svg Nepal
Fjellkjede Khumbu Himal
Topp Khumbu
 - høgd 6 856 moh
 - Primærfaktor 1 041 m
 - koordinatar 27°51′40″N 86°51′40″E
Lettast tilkomst fjell-, snø og isklatring
Førstestiging 1961
Nepal relief location map.jpg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ama Dablam
Mount Ama Dablam
Ama Dablam (høgre), Lhotse og Mt. Everest (venstre)

Ama Dablam er eit fjell i Himalaya, aust i Nepal. Den høgaste toppen er 6856 meter over havet og den lågaste toppen er 6170 meter over havet. Ama Dablam tyder «halskjedet til mor» og dei lange ryggane på kvar side liknar armane til ei mor (ama) som held rundt barnet sitt og hengebreen som dablam.[1] I fleire dagar dominerer Ama Dablam den austlege horisonten i fleire dagar når ein går mot hovudleiren ved Mount Everest.

Ama Dablam vart først klatra den 13. mars 1961 av Mike Gill (NZ), Barry Bishop (USA), Mike Ward (UK) og Wally Romanes (NZ) via sørvestkammen. Dei var godt akklimatiserte til høgda og hadde overvintra ved 5800 meter over havet nær foten av toppen som ein del av Silver Hut Scientific Expedition 1960-61, leia av Edmund Hillary.[2]

Ama Dablam er det tredje mest populære fjellet å klatre i Himalaya av fjella som er opne for ekspedisjonar. Den klårt mest populære ruta er opp sørvesryggen (til høgre på biletet).[3] Klatrarar nyttar seg som regel av tre leiarar langs ryggen, med den tredje leiren like under og til høgre for hengebreen, Dablam. Is som kalvar frå breen fell vanlegvis til venstre, bort frå leiren. I 2006 vart likevel leieren råka av eit snøras. Ein må ha klatreløyve og ein sambandsoffiser med for å klatre Ama Dablam. Som med Mt. Everest er dei beste klatremånadane april–mai (før monsunen) og september–oktober.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kennedy, Michael (March 2005). «Mountain ProFil: Ama Dablam». Alpinist Magazine (Jackson, WY, USA: Alpinist LLC) (X): 22. ISSN 1540-725X. 
  2. Kennedy, Michael; Michael Ward (March 2005). «Mountain ProFil: Ama Dablam». Alpinist Magazine (Jackson, WY, USA: Alpinist LLC) (X): 26. ISSN 1540-725X. 
  3. Kennedy, Michael (March 2005). «Mountain ProFil: Ama Dablam». Alpinist Magazine (Jackson, WY, USA: Alpinist LLC) (X): 27. ISSN 1540-725X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ama Dablam