Hopp til innhald

Amadou Dia Ba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amadou Dia Ba
StatsborgarskapSenegal
Fødd22. september 1958 (67 år)
Dakar
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Amadou Dia Ba (fødd 22. september 1958) er ein senegalesisk tidlegare friidrettsutøvar frå Dakar som i 1988 vann sølvmedaljen i 400 meter hekk under Sommar-OL i Seoul.

Dia Ba var aktiv høgdehopp til han i 1981 sette personbeste 2,18 meter. Sidan satsa han på 400 meter hekk. Han kom på sjuandeplass i VM 1983, femteplass i OL 1984 og i VM 1987.

Under dei olympiske leikane i Seoul i 1988 gjorde Dia Ba sitt livs løp. Med tida 47,23  forbetra han den personlege rekorden med 0,8 sekund og vann sølvmedaljen på 400 meter hekk, fattige fire hundredels sekund bakom Andre Phillips frå USA. Verdsrekordhaldaren Edwin Moses fekk 47,56 og måtte nøye seg med bronse. Sølvmedaljen er den einaste til Senegal i olympisk friidrett.

Korkje i Friidretts-VM 1991, eller i Sommar-OL 1992, makta Dia Ba gå vidare frå forsøka. Samuel Matete frå Zambia er, pr 2026, den einaste afrikanaren som har betre tid på langhekken enn Dia Ba.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]